Rock 'n' Roll Animal

Rock 'n' Roll Animal
Konsertalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1974
Innspelt 21. desember 1973
Spelestad Howard Stein's Academy of Music i New York City
Sjanger
Lengd 40:32 (original)
48:12 (ny versjon)
Selskap RCA
Produsent
Lou Reed-kronologi 
Berlin
(1973)
Rock 'n' Roll Animal Sally Can't Dance
(1974)


Singlar frå Rock 'n' Roll Animal
  1. «Sweet Jane (Live)»
    Utgjeve: 1974

Rock 'n' Roll Animal er eit konsertalbum av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i februar 1974 av RCA Records. Den opphavlege utgjevinga inneheldt fem songar frå forskjellige periodar i karrieren hans, inkludert fire songar opphavleg spelt inn av The Velvet Underground. Musikarane var Pentti Glan (trommer) og Prakash John (bass) som seinare vart ein del av det andre bandet Alice Cooper, Ray Colcord (tangentinstrument) og Dick Wagner og Steve Hunter på gitarar, som seinare danna stamma i det første solobandet til Alice Cooper.

Albumet vart spelt inn 21. desember 1973 i Howard Stein's Academy of Music i New York. Albumet nådde 26. plassen i Storbritannia og 45. plassen på Billboard 200 og låg inne på lista i 28 veker. Det gav Reed den første gullplata hans i USA i 1978.[3][4][5]

  1. «Lou Reed and the Tots – Walk On The Wild Side». Paste. Arkivert frå originalen 1. januar 2017. Henta 1. april 2022. 
  2. May, Stephen (14. juli 2014). «Lou Reed: Animal Serenade». Pitchfork. Henta 1. april 2022. 
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet OCC
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Billboard200
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet RIAA

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search